Landbrukseigedom - deling

Generelt

Tenesteomtale

Har du tenkt å dele ein eigedom du nyttar eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, må landbruksmyndigheitene godkjenne delinga, jmfr jordlova §12.

Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen

Kriterium/vilkår

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Ein skal da vurdere

  • om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
  • om det er ei driftsmessig god løysing
  • om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området


Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova.
Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

I Vik kommune er det, på visse vilkår, lettare å få samtykke til å dele frå i bygdene Arnafjord, Feios og Fresvik når formålet er busetjing ( jf. kommuneplan for Vik  2013-24, Arealdelen, Kap 5, retningsliner punkt 3, side 46)


 

Pris for tenesta

Handsamingsgebyr

aaa

Sjå spesielt jordlova § 9 Bruk av dyrka og dyrkbar jord og § 12 Deling.

Lover

Forvaltningsloven
Jordlova

Forskrifter

Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m.

Retningslinjer

Landbrukseiendom - omdisponering og deling (rundskriv)
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klaga

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-07-23 14:55

Sjølvbetening

Tenesteomtalar