AurlandVikVoss

Lysing av midlar- Regionalt Næringsfond Aurland-Vik-Voss (RNF)

Samarbeidsrådet Aurland-Vik-Voss har forvalta fondsmidlar til næringsutvikling, løyvd av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Då det ikkje lenger vert tilført nye midlar til fondet, vert no attståande midlar lyst ut til nye prosjekt.

RNF skal medverka til å løysa ut verdiskapingspotensialet til Aurland-Vik-Voss region ved å leggja til rette for og gje støtte til næringsutvikling og etableringstiltak i regionen med hovudvekt på landbruk, reiseliv og kultur. Søknaden skal innehalda overordna budsjett, samla finansieringsplan og tidsperspektiv. Investeringar i bygg/faste installasjonar og ordinær drift vert ikkje støtta.

Sjå elles retningslinjer for bruk av fondet på kommunane sine heimesider, eller kontakt samarbeidsrådet sin faste sekretær på e-post: gunnhild.utkvitne@voss.kommune.no

Frist for skriftleg søknad er 20. september 2019.

Søknaden skal stilast til: Aurland-Vik-Voss samarbeidsråd v/Gunnhild Utkvitne og sendast elektronisk til postmottak@voss.kommune.no. Postadresse:  Boks 145, 5701 Voss.

Tildeling frå fondet vert gjort i møte med Samarbeidsrådet hausten 2019.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut