Tenester A-Å
Matlevering
Generelt
Tenesteomtale
Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten levert. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka.
Målgruppe
Eldre eller funksjonshemma som bur heime
Kriterium/vilkår
Sjukdom, alder eller andre årsaker gjer at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt.
Pris for tenesta
Heimehjelp-pris
Brosjyrar, dokument, kart og liknande
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenestenHjelpetilbud i kommunen
Tenesta er ikkje lovpålagd. Matlevering kan bli gjeven for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett på tenesta. I slike tilfelle blir tenesta gjeven etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2
Lover
ForvaltningslovenHelse- og omsorgstjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenesterKvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om matlevering, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.
Skjema
Omsorgstenester-søknadskjemaVedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27