Spørsmål

Me treng di meining om to av våre tenester

Vik kommune arbeider kontinuerleg for betre tenester til innbyggjarane. Som eit ledd i dette arbeidet, utfører me i haust nettbaserte brukarundersøkingar for sosialtenester og helsestasjon-tenester.

Dersom du er brukar av desse tenestene, og ønskjer å vera med på å hjelpa oss i arbeidet med å forbetra dei, kan du skaffa deg tilgang til svarskjema på to forskjellige måtar:

  1. Henta passordlapp på Helsestasjonen eller NAV-kontoret
  2. Bestille passord og påloggings-lenke tilsendt på e-post (bruk skjemaet nedanfor). Utsending skjer berre i arbeidstida, og det kan difor ta noko tid før e-posten med passord og lenke kjem

Til å gjennomføra desse brukarundersøkingane, nyttar me ei svarteneste utarbeidd av Kommuneforlaget. Du kan lesa meir om denne tenesta på www.bedrekommune.no

Alle svar i undersøkingane blir anonymisert, og tilsette i kommunen kan ikkje sjå kven som har svara, og følgjeleg ikkje kven som har svara kva.


Ønskjer å delta i brukarundersøking for:*
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut