Kartutsnitt

Meir pengar til høgkapasitet breiband i Vik kommune

Kommunen har sidan 2012 jobba intensivt for å byggja høgkapasitet breiband til alle grendalaga i kommunen, og i dag kom den endelege avgjerda om statleg tilskot på 2,7 millionar kroner til prosjektet for Seljadalen, Ovrisdalen og Bødalen.

Kartutsnitt
Kartutsnitt for prosjektområdet som no får tilskot

Tilsegna frå NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) kom før helga fram til Sogn og Fjordane fylkeskommune, og fylkeskommunen vil senda tilsegn vidare til dei ulike prosjekta ein av dei næraste dagane. Dette betyr at alle innbyggjarane i prosjektområdet kan sjå fram mot nytt høgkapasitet breiband, kanskje alt mot slutten av 2019, men mest realistisk vil driftsetjing av det nye anlegget skje første halvår 2020.

Kommunen startar arbeidet med utlysing av offentleg anbod for bygging av det nye anlegget så snart som praktisk råd.

 

Status for prosjektet i Arnafjord

Anlegget i Arnafjord skulle etter planen vera i drift seinast innan 31.12.2018. Telenor, som har kontrakten for dette anlegget, har dessverre meldt om lag ein månad forseinking i høve fristen. Forseinkinga skuldast omfattande behov for skogrydding.

 

Status for Vik sentrum

Her har både Sognenett og Telenor tilbod i enkelte område. Vik sentrum er rekna for å vera kommersielt lønnsamt å byggja ut, og her har det eksistert konkrete planar frå utbyggjarane. Grunna nemnte tilhøve, fell dessverre Vik sentrum utanfor den statlege tilskotsordninga. Bygginga av anlegget i dalane i Vik, vil kunna føra til at fleire område i Vik sentrum får tilbod, men dette vert ikkje avklara før anbodsrunden er avslutta.

 

Anlegg som alt er i drift:

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut