Nyhende

Meld di interesse for høgkapasitet breiband
Vik kommune skal søkja statlege midlar til prosjektet for høgkapasitet breiband i to nye område, og treng i samband med dette oversyn over tal interessentar i søknadsområda.
Me har fått opplyst at dekninga for VDSL (30 Mbit/s) ikkje er så omfattande som tilsendte dekningskart frå NKOM viser. Me har difor valt å utvida søknadsområda i høve det som først vart kunngjort. Søknadsområda er vist skravert i kartutsnittet:
- Tenål/Stadheim/Seljadalen/Ovrisdalen (lilla felt på kartet)
- Hopperstad/Hove/Bødalen (blått felt på kartet)
Me gjer merksam på at tilgrensande område ikkje er søknadsberettiga grunna eksisterande tilbod om breibend med 30 Mbit/s nedstraums kapasitet eller meir (fiber frå Sognenett eller VDSL frå Telenor).
Søknadsfristen for kommunen er 18. april 2017. For å styrkja søknaden, ønskjer me at flest mogeleg melder si interresse innan fristen. Kommunen arbeider for å få best mogeleg kvalitet på tilbodet, og dersom interessentar ønskjer å bidra med ekstra finansiering til prosjektet, er det høve til å teikna seg på bindande interessentliste i tenestetorget på kommunehuset.
Sjå også vår høyring rundt utbygginga her.
Me ber om at interessentar melder seg på skjema her: