kart veg og stad til mellombels avfallsdeponi

Mellombels mottaksplass for hageavfall på Vange

Anleggsarbeid i Badnadalen/Tenål vert no starta opp. Kompostplassen i Badnadalen vert dermed stengd for mottak av hageavfall frå onsdag 19. desember.  Nytt anlegg skal lagast på Hesjaslettet. Fram til dette er ferdig, kan hageavfall leverast i mellombels anlegg på Vange, aust for Vik kyrkje, frå torsdag 20. desember.  Innkøyring til mottaksplassen er frå Skulevegen.

På mottaksplassen for hageavfall kan du levere hageavfall slik som

gras,
kvist/busker,
planterestar og liknande.


Plastsekkar eller anna emballasje skal ikkje kastast saman med hageavfallet.

Det er forbode å kasta eller deponere anna avfall enn hageavfall på denne plassen.

Bruk miljøstasjonen til andre fraksjonar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut