Mobbing - mottiltak

Generelt

Tenesteomtale

Vert eit barn utsett for mobbing, vald, diskriminering eller trakassering har barnet rett til umiddelbar mottiltak frå sida til skulen. Alle tilsette ved skulen har plikt til å følgje med, undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn så snart som mogleg. 
 
Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevar og føresette har rett til å høyrast, å informerast og til å delta i planlegging og gjennomføring av eit godt og trygt skulemiljø.
 
Ved tiltak mot mobbing skal skulen lage ein skriftleg plan og skal dokumentere kva som vert gjort for å oppfylle aktivitetsplikta til skulen.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelpordningar
aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Som elev eller føresett kan du melde inn saker om mobbing, vald, diskriminering eller trakassering til rektor. 
 
Statsforvaltaren kontrollerer at skulen overheld pliktene sine. Og dersom det er gått meir enn ei veke sidan du tok kontakt med rektor, kan du i tillegg kontakte statsforvaltaren direkte. Dette kan du gjere munnleg eller skriftleg, på papir eller elektronisk. Men det er eit krav at du oppgjer namnet din og skulen for at statsforvaltaren skal behandle saka.

Sakshandsamingstid

Skulen har plikt til å undersøkje saka snarast mogeleg.

Høve til å klaga

Elever og føresette kan melde saka til statsforvaltaren dersom det er gått meir enn ei veke sidan saka blei melde til rektor.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2020-03-02 08:27

Tenesteomtalar