Motorferdsel i utmark og vassdrag

Generelt

Tenesteomtale

Snøskuterar og motorkøyretøy
Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål. 

Vannskuter og andre motorfartøy
Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.

Båt med elektrisk motor
Har du båt med el-motor kan du søkje kommunen om å køyre den på små vatn mindre enn 2 kvadratkilometer. 

Kriterium/vilkår

Når kommunen vurderer opning for ferdsel, anten gjennom forskrift eller vedtak, er det omsynet til naturen, verneområde, hekkeområde, terrenginngrep, støy og ulempe for friluftsliv som skal liggje til grunn for vedtaket.

aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen (eller statsforvaltaren) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Skjema

Søkn.skjema


Vedlegg

  • Kart som viser køyrerute
  • Kort omtale med omtale av føremålet med køyringa
  • Sakshandsamar kan ivektleggje legeattest i samband med transport av funksjonshemma/rørslehemma.

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Sakshandsaming

Leigekøyringsløyver:

  • Magnar Nåsen fram tom år 2021: I område Fresvik-Jordalen og Vikafjellet aust for Vikafjellsvegen (rv 13).
  • Kurth Martin Helleland fram tom år 2021
    Frå skogsbilveg i Feios, Åfedtdalen.

Høve til å klaga

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2021-02-23 09:51

Sjølvbetening

Tenesteomtalar