Motorferdsel i utmark og vassdrag

Generelt

Tenesteomtale

Snøskuterar og motorkøyretøy

Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål. 

Vannskuter og andre motorfartøy

Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.

"Motorferdsel" omfattar alle typar motordrevne framkomstmiddel.

"Utmark" er areal utanfor innmark, der stølsområde, kulturbeite, skogplantefelt, og skogsvegar som ikkje er opparbeidd for bil er døme på areal som vert rekna som utmark etter motorferdselslova.

Reglane for motorferdsel på snøføre er mindre strenge enn for køyring på barmark, fordi det gjev mindre skader på terreng og vegetasjon enn barmarkskøyring.

Kriterium/vilkår

Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter til og frå hytter.

Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei fleste føremål. 

Utan søknad
Nokre eksempel på køyring som er lov utan søknad:

Transport ved bygging i samsvar med byggeløyve.
Naudsynt person og godstransport i jordbruks - og skogbruksnæring (jakt, fangst, fiske og bærplukking vert ikkje rekna som næring i denne samanheng).
På snødekt mark: Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bopel.
Anlegg og drift av større vegar og anlegg.
Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakkar for ålmenta og for konkurransar, når det skjer i regi av kommunen, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter.
Politi, ambulanse, redningsteneste, offentleg oppsyn m.m.

Etter søknad 
Ein kan få løyve til noko meir motorferdsel i utmark etter skrifteleg søknad til kommunen, td.

Ervervsmessig transport når fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag(leigekøyring)
Transport for funksjonshemma
Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg, når det i området ikkje er mogeleg å få leigd transport
Transport av ved
Transport av byggemateriale
Tømmertransport for grunneigarar som ikkje har jord- eller skogbruk som næring.

Landskapsvernområda Stølsheimen og Nærøyfjorden har eigne verneforskrifter som ma. gjeld motorferdsel i utmark. Søknadar om motorferdsel innafor desse områda skal sendast både til det aktuelle verneområdestyret for handsaming etter verneforskrifta og til kommunen for handsaming etter nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark.

Leigekøyring
I Vik kommune har tre personar løyve til leigekøyring. Desse er:

  1. Omar Vangsnes, for området Vangsnes.
  2. Kurth Martin Helleland, for området Feios
  3. Magnar Nåsen, for området Fresvik-Jordalen og Vikafjellet aust for Vikafjellsvegen.
aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Skjema

Motorferdsel i utmark - søknadskjema

Vedlegg

  • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • Kart som viser køyretraseen
  • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Høve til å klaga

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-09-10 09:48

Sjølvbetening

Tenesteomtalar