Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
UtsiktDTH

Næringseigedommar - utsett frist for betaling av eigedomsskatt

Formannskapet i Vik gjorde 1. april 2020 vedtak om utsett frist for betaling av eigedomsskatt for alle næringseigedommar utanom kraftverk og linjenett.

Formannskapet i Vik gjorde 1. april 2020 følgjande vedtak:


Frist for innbetaling av eigedomsskatt for næringseigedommar som forfell til betaling 15.05.2020 til Vik kommune vert førebels utsett til 15.08.2020. Vedtaket gjeld ikkje kraftverk og linjenett.


Vik kommune gjer merksam på at beløp som gjeld eigedomsskatt for næringseigedommar utanom kraftverk og linjenett, ikkje vil bli purra før tidlegast 15.09.2020.

Den politiske saka finn du ved å følgje denne lenka.

Tips ein ven  Skriv ut