Nav logo _ ny

Nav inviterer bedrifter i Vik til møte 29.august

Det skjer stadige endringar i etaten vår, og dette vert bl.a. arbeidsgjevarar også råka av. Det er viktig for oss på NAV Vik å ha nær og hyppig kontakt med bedriftene i Vik, og difor inviterer vi, saman med  NAV Arbeidslivssenter, ein eller fleire i bedrifta dykkar til frukostmøte på Blix hotell, tysdag 29.august, kl 0830-1030.

Program:

1.Tiltak/verkemiddel og språkpraksisplassar

2. Digitalisering av sjukefråvær

3. Innlegg ved rådgjevande overlege Anne Margrete Birkeland

Den nye rådgjevande overlegen vår har lang erfaring frå stillingar som bedriftslege og leiar av bedriftshelsetenester opp mot ulike bransjar.

Ho er spesialist i arbeidsmedisin, og har dei siste 9 åra vore tilsett i SAS på arbeidsgjevarsida som HMS-rådgjevar med ekstra fokus på tiltak for å få redusera høgt sjukefråvær, noko som har vore svært vellukka.

4. Kva forventningar har bedriftene til NAV?


Det vil bli servert rundstykke, kaffi, te og vatn. Vi håpar på godt oppmøte og stort engasjement!

Med venleg helsing
Nav Vik

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut