nav

NAV Vik stengt

Som førebyggjande tiltak for å hindre korona-smitte har NAV Vik stengt frå fredag 13. mars.

NAV Vik er midlertidig stengt

 

Som eit førebyggjande tiltak for å hindre korona-smitte har NAV Vik stengt frå fredag den 13. mars. NAV utbetalar naudsynt livsopphald, og er pålagd å innføra ekstra strenge sikringstiltak i samband med smittefare. Dersom du treng tenester frå NAV, kontaktar du oss slik:

 

På internett, nav.no – ope heile døgeret. Der kan du:

Søke stønad

Sjekke utbetalingar

Registrere deg som arbeidssøkjar

 

Dersom du allereie har ein rettleiar på NAV Vik, kontaktar du denne digitalt i din aktivitetsplan eller på telefon, ved behov.

 

Du kan og ringe NAV Kontaktsenter (ope mellom 08.00-15.30):

55 55 33 33 - Spørsmål om ytingar

55 55 33 36 - Telefon for arbeidsgjevarar

55 55 33 34 - Spørsmål om pensjon

 

Dokument som skal leverast NAV Vik kan sendast pr. post til postboks 93, 6891 Vik i Sogn.

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut