Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - tilskot

Generelt

Tenesteomtale

Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til

  • skogkultur
  • vegbygging
  • miljøtiltak i skog
  • utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterium/vilkår

Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til

  • skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog
  • eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog
aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med kommunen ved skogbrukansvarleg Karen Weichert på telefon 414 42 726 for å få meir informasjon og rettleiing. Til dei fleste søknader om NMSK-tilskot skal det brukast Landbruksdirektoratet sine skjema. Kommunen kan hjelpe deg med å finne fram til og fylle ut rett skjema.

Søknader om drift i vanskeleg terreng skal sendast via kommunen til Fylkesmannen, der dei må vere minst 6 veker før hogst. Ta difor kontakt med kommunen i god tid.

Skjema

Landbruksdirektoratet skjema skogbruk

Sakshandsaming

Fylkesmannen er vedtaksinstans for tilskot til bygging av skogsvegar og tilskot til drift i vanskeleg terreng. Fylkesmannen lagar kvart år retningslinjer for prioritering av søknader.
Lenkje til retningslinjene 2016.

Kommunen handsamar søknadane om tilskot til skogkultur, miljøtiltak og tiltak som har som mål å auke aktiviteten og utnytting av ressursane i og frå skogen.
Lenkje til strategien for tildeling av midlar til desse tiltak.

Sakshandsamingstid

Kan variere. Nokre søknader om tilskot blir handsama fortløpande, andre har søknadsfristar ein eller fleire gongar i året. Kommunen kan informere om dette.

Høve til å klaga

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-07-23 14:55

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon