NVE varslar om fare for flaum på oransje nivå for Vik

Framleis mykje snø i fjellet og forventa høge temperaturar gjennom helga.

NVE melder om fare for flaum på oransje nivå frå idag, sjå http://www.varsom.no/Flom/?date=03.07.2015. Varselet gjeld i følge varsom.no kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Stryn, Vik og Årdal.

NVE sine generelle råd er å rensa dreneringsvegar og stikkrenner.

Kommuneleiinga har for kort tid sidan hatt møte med lokalt politi og Statkraft for å drøfta situasjonen og vera best mogeleg budde. Lokalt politi er også varsla av NVE om situasjonen i dag, og NVE og  operasjonssentralen har dialog om utviklinga av situasjonen.

Det er òg varsla fare for jord- og flaumskred på gult nivå frå søndag, dette varselet gjeld 17 av kommunane i fylket. Sjå http://www.varsom.no/Jordskred/?date=05.07.2015

Dersom situasjonen lokalt skulle utvikla seg slik at ein har trong for å melda frå , kan dette gjerast til politiet sin operasjonssentral 02800, evt. teknisk vakt i Vik kommune tlf. 415 94 443.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut