UtsiktDTH

Ny alminneleg taksering for eigedomsskatt 2020 - klagebehandling

Det har kome inn til saman mellom 230 og 250 klager på takstane etter den nye takseringa. Kvar av desse klagane vert no behandla kvar for seg.

Klagane vert behandla etter reglane i kapittel 6 i eigedomsskattelova. For å sikre ei grundig behandling av kvar enkelt klage, vil det framleis ta noko tid før dei som har klaga får svar. Slik det ser ut i midten av mai, vil resultata frå klagebehandlinga tidlegast vera klar før sommarferien, det vil seia i månadskiftet juni/juli 2020.

I høve eigedomsskattelova §25, 3. ledd, skal innkrevd eigedomsskatt betalast innan fristen sjølv om det er sendt inn klage. Dersom klagaren får medhald i klagen sin, vil for mykje betalt eigdomsskatt verta refundert.

Tips ein ven  Skriv ut