Vikøyri om kvelden 2014 _DSC6773

Ny alminneleg taksering for eigedomsskatt 2020 – Vik kommune

Vik kommune gjennomførte alminneleg taksering for eigedomsskatt i 2008/2009, i samband med innføring av eigedomsskatt på alle faste eigedomar i kommunen jf. eigedomsskattelova § 3 a. Kommunestyret har vedteke kontorjustering av takstane for 2019 og gjennomføring av ny alminneleg taksering for eigedomsskatt gjeldande frå 01.01.2020.

Takstane gjeld i ti år og ved utløpet av 2018 har takstane blitt nytta for utskriving av eigedomsskatt i ti år. For skatteåret 2019 har Vik kommunestyre i samsvar med eigedomsskattelova § 8 A-4 vedteke 10 % kontorjustering av alle takstar som vert nytta for utskriving av eigedomsskatt (KS-sak 72/18).

Vik kommunestyre vedtok i møte 18.10.2018 (KS-sak 72/18) å gjennomføre ny alminneleg taksering for eigedomsskatt gjeldande frå 01.01.2020.

Ny alminneleg taksering for eigedomsskatt omfattar alle faste eigedomar i heile kommunen:

  • Bustader og fritidseigedomar
  • Næringseigedomar
  • Overføringsliner – og nettanlegg tilhøyrande kraftleverandørar
  • Kraftverk (vert årleg taksert av sentralskattekontoret)

Takseringa  skal skje i løpet av 2019 – med utvendig synfaring av eigedomane. Det blir seinare informert om framdrifta i prosjektet – og invitasjon til eigar om å vere til stades ved synfaringa.

Eigedomsskatten gjev for dei fleste kommunane viktig bidrag til finansiering av tenestene kommunen gjev sine innbyggjarar.

Eigedomsskatten er kommunal og heimla i Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) med tilhøyrande forskrifter. Det er kommunestyret som avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen. 

Tips ein ven  Skriv ut