Ny landbruksvegforskrift tredde i kraft 1. juli

Dei viktigaste endringane i forskrifta er blant anna at fleire vegtiltak no kan gjennomførast utan søknad og løyve frå kommunen. Dette gjeld mellom anna enklare opprustingstiltak og utbetring av flaskehalser for tømmertransport på gamle vegar.

Forskrifta definerer og utvidar kva som skal reknast som landbruksverksemd i høve til gamal forskrift, og skillet mellom kva som er søknadspliktige vegar og ikkje vert også tydelegare. 

Den nye forskrifta finn du på lovdata.

Landbruksdirektoratet si nye informasjonsside om landbruksvegar finn du her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut