Bakkanosi

Ny nettside for Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden

Verneområdestyret saman med Nærøyfjorden Verdsarvpark har lansert den nye felles nettsida vår for Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden!

Etter kvart vil den nye nettsida koblast saman med ei overordna side om heile Vestnorsk fjordlandskap. Det vil også linkast til sida frå den nasjonale nettsida Norges nasjonalparker som Miljødirektoratet driftar. 

Den nye nettsida er meint å vere ei besøksretta nettside og vil vere eit supplement til nettsida som styret alt har, der det blir lagt ut sakspapir og liknande.

Sjekk den ut her: https://vestnorskfjordlandskap.com/ og del den gjerne der du kan.  

Facebookside: https://www.facebook.com/Naeroyfjorden

 

 

Tips ein ven  Skriv ut