Tannlege

Ny tannlege i Vik

Inge Fridell gjekk av med pensjon ved årsskiftet, etter mange år som tannlege i Vik. Inge har difor selt tannlegepraksisen sin til Odontoclinica AS. 

Odontoclinica eig fleire tannlege-klinikkar i Noreg, og klinikken i Vik heiter no Vik Tannlegesenter AS.

Den nye tannlegen heiter Modassar Amin (30). Med seg får han Hildegunn Nummedal som tannlegeassistent.

M. Amin startar allereie 3. januar. Det er verdt å merke seg at M. Amin har interesse for kirurgi. Dette betyr at fleire oral-kirurgiske inngrep kan bli gjort hjå M. Amin, og at færre treng å reise ut av bygda for slike inngrep.

Tannlegesenteret har same telefonnummer som før (57 69 54 77). 

Vi ynskjer M. Amin velkomen til Vik, og håpar han finn seg vel til rette hjå oss. Ta vel i mot han!

Vi takkar samstundes Inge Fridell for alle åra han har drive som tannlege i Vik, og ynskjer han lykke til som pensjonist.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut