Hove

Ny tilskotsordning til utsiktsrydding

Gjengroing er ei ulempe for landbruket, og kan svekke grunnlaget for den veksande reiselivsnæringa. Føremålet med tilskot til utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap, er å medverke til utsikt og fremje verdiar knytt til landbrukets kulturlandskap. 

Områda som skal ryddast skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. I tillegg er målet å gje klimagevinst ved å bruke rydningsvirke til bioenergiføremål. Aktuelle areal for tiltak kan t.d. vere strekningar langs vegar eller stiar eller areal knytt til kulturlandskap.
 
Den nye ordninga for tilskot til utsiktsrydding knytt til jordbrukets kulturlandskap er no fastsett med forskrift og eigne retningslinjer for Sogn og Fjordane. I 2016 er det fortløpande søknadsfrist ut året. Frå og med 2017 er søknadsfristane 1. mars og 1. september. Tilskotet kan løyvast for inntil 70 % av godkjende kostnader.
 
Har du planlagd eit tiltak som fell inn under ordninga? Ta kontakt med kommunen.
 
Les meir om tilskotsordninga her.
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut