Vindauga

Ny utlysing av tilskot til oppussing av hus utan fast busetnad

Er du eigar av eit hus som ikkje vert brukt som heilårsbustad, men kan du tenkje deg å pusse det opp og leige det ut eller å flytte inn i bustaden sjølv etter oppussing?

Vik Kommune lyser på nytt ut midlar til oppussing av hus utan fast busetnad. Målet er at fleire hus i Vik Kommune skal blir brukt som heilårsbustad.  I 2015 vart det tildelt tilskot til 5 søkjarar. Søknadsfristen for å søkje om tilskot i 2016 er 15. oktober.

Målgruppe: eigarar av hus utan fast busetnad og som ikkje er registrert som hytte/fritidseigedom

Vilkår for tilskotet:

  1. Kvar einskild søknad må vera knytt til ein bustad. Tilskotet kan vere inntil 25 % av total byggekostnad, og maksimalt kr 100.000
  2. ministrasjonen må førehandsgodkjenna omfanget og standarden i oppgraderinga
  3. Bustaden vert utleigd til fastbuande i 5 år eller
  4. Eigar av bustaden meldar flytting til Vik Kommune og bur i bustaden
  5. Dersom bustaden ikkje vert leigd ut eller huseigaren ikkje buset seg i bustaden (i heile 5 år), kan (delar av) tilskotet måtte betalast tilbake. Vik Kommune kan krevja innsyn i leigeavtale-historikken 5 år etter utbetalinga av tilskotet.
  6. Det er søkjar sitt ansvar å finne leigetakar. Dersom huseigar ikkje klarar å finne leigetakar og Vik Kommune vil leige bustaden, er huseigar plikta å inngå leigeavtale med Vik kommune.

Utbetaling vert gjort på grunnlag av dokumenterte kostnader når arbeidet er ferdig og godkjent. Dokumentasjon som bør sendast inn er:

  • faktura på materiale og innkjøpte tenester
  • timar eigeninnsats (kan reknast som kr 200/time)
  • samsvarserklæringar for elektrisk- og røyrleggjararbeid

 
For meir informasjon sjå retningslinjene for tilskot til oppussing av hus utan fast busetnad. Dersom du har fleire spørsmål kan du kontakte Loek Laumans, 469 06 819 eller loek.laumans@vik.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut