elv

Ny vassforvaltningsplan for Vestland - no kan du kome med innspel til tiltak

Sei di meining om vatnet vårt! Korleis står det til med vatnet der du bur, og korleis kan vi ta betre vare på det?
No kan alle som vil kome med innspel om korleis vi bør forvalte vatnet.

Vatnet blir utsett for påverknader frå nedbør i fjellet som renn nedover bratte liar, i elvar, bekkar og innsjøar og til slutt ut i fjordane våre. På vegen passerer vatnet gjennom urørte landskap, men og i område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknader.

Vassforvaltninga i Noreg skal sørgje for vern og sikker bruk av vatnet vårt.

Etter vassforskrifta skal kvar av vassregionane i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med framlegg til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og verne mot dårleg tilstand. 

Vassforvaltningsplanen som gjeld no blei godkjent i 2016, og varer ut året 2021. No startar arbeidet med å revurdere og oppdatere planen, slik at den nye planen er klar til gjennomføring i perioden 2022-2027.
 
Innspel til tiltak 
Er det tiltak du meiner bør gjerast for å betre miljøtilstanden i ei elv, innsjø, fjord eller langs kysten, kan du no kome med innspel til tiltak.  Tiltak kan til dømes vere for å redusere påverknad frå jordbruk, avløp, avfallsplassar, industri, fiskeoppdrett, framande artar, vasskraft, bekkar og elvar som er lagt i røyr, utretta, førebygde o.a. 

Ansvarleg sektorstyresmakt for tiltaket, vil vurdere om tiltaket bør inngå i tiltaksprogrammet. Innspelet ditt registrerer du i eit innspelsskjema som blir lagt ut på nettsida til Sogn og Fjordane vassregion på vannportalen.no/sognogfjordane

Har du spørsmål kan du ta kontakt med vassområdekoordinator for Ytre Sogn vassområde, Christian E. Pettersen, på e-post christian.pettersen@sfj.no eller på telefon 47639165

Frist for å kome med innspel er 1.1.2020.

Tips ein ven  Skriv ut