Du er her: Heim Barn og familie Skule
VFS

Nytt skuleadministrativt datasystem i Vik kommune

Hausten 2018 tok skulane i Vik kommune i bruk eit nytt digitalt system for skuleadministrasjon, Visma flyt skole (VFS).

Løysinga digitaliserer ei rekkje prosessar knytt til elevane og lærarane sin skulekvardag og skal vere med på å betre samarbeidet mellom skulen og heimen.

I den nye løysinga kan du:

  • Endre kontaktinformasjon og du har oversikt over barn(a) du har på skulen
  • Søkje permisjon for elev
  • Søkje om plass på SFO
  • Sjå karakterar og vurderingar
  • Melde fråvær og sjå fråvær
  • Alle søknader, brev, dokument og meldingar
  • SFO-informasjon og faktura
  • Oversikt over faggrupper og lærarar
  • Lenker til viktig informasjon som skulen ønskjer å dele med heimen

Lenker:

Alle foreldre/føresette har ansvar for å redigere og oppdatere informasjonen. Me ber om at de så raskt som råd sjekkar at alle opplysningar stemmer. De kan ta kontakt med aktuell skule dersom de ønskjer meir informasjon eller hjelp til logge inn i systemet:

  • Flatbygdi skule: telefon 482 55 168/994 99 201 
  • Vangsnes skule: telefon 915 84 513
  • Valsvik skule: telefon 905 39 833
  • Feios skule: telefon 908 86 559
  • Fresvik skule: telefon 951 49 366 
Tips ein ven  Skriv ut