Politiet

Offentleg høyring – revidering av politivedtekt for Vik kommune

Vik kommunestyre har i møte den 20.12.2018, sak 094/18, gjort vedtak om framlegg til ny politivedtekt for Vik kommune. I medhald av forvaltningslova § 37, skal endringsframlegget leggjast ut på offentleg høyring. 

Høyringsperioden er sett til 6 veker. Høyringsfristen er 25.februar 2019.

Politivedtekter er lokalt vedtekne reglar som fungerer som eit supplement til den ordinære lovgjevinga. På oppmoding frå Politidirektoratet, skal dei gjeldande politivedtektene for Vik kommune no reviderast.
 
I fylgje Forvaltningslova §37 andre ledd, har alle som forskrifta skal gjelda for, høve til å koma med høyringsinnspel.
 
Høyringssuttale skal sendast ved hjelp av skjema nedanfor, til postmottak@vik.kommune.no eller i vanleg post til:
 
Vik kommune
Postboks 134
6893 Vik kommune.
 
Når høyringsfristen er ute vil mottekne innspel verta vurderte, og Vik kommunestyre vil gjera vedtak om politivedtekta si endelege ordlyd.

Framlegget til ny vedtekt kan du lasta ned her.





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut