Aktivitet

Offentleg høyring - Søknad om spelemidlar 2018.

I høve gjeldande plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 – 2020, skal handlingsprogrammet rullerast kvart år. Planen og handlingsprogrammet er grunnlaget for søknad om spelemidlar 2018. 

Handlingsprogram ordinære anlegg etter prioritet:
 

  1. Klubbhus/toalett v/ kunstgrasbana Vik idrettspark ( søknaden er formelt i orden og vert gjenteken i 2018).  
  2. Utbygging av Vik skisenter ( spelemidlane vert utbetalte i 2017)
  3. Turvegar i Vik
  4. Dagsturhytte
  5. Ombygging av Blixhalli – universell utforming
  6. Klubbhus Vik idrettspark
  7. Rehabilitering av turstien til Gunnarsete
  8. Rehabilitering av turstien inn til Tundalen, Fresvik
  9. Rehabilitering av turstien «suten opp»

 
Handlingsprogram nærmiljøanlegg etter prioritet:
 

  1. Klatrepark Flatbygdi skule ( tildelt spelemidlar 2017).
  2. Rehabilitering av kunstgraset i ballbingen Vangsnes skule
  3. Nærmiljøanlegg mellom banene Vik idrettspark.
  4. Klatrepark Feios skule
  5. Rehabilitering av kunstgraset i ballbingen i Feios
  6. Rehabilitering av kunstgraset i ballbingen i Fresvik skule
  7. Rehabilitering av kunstgraset i ballbingen i Valsvik skule 8. Isbane Vik idrettspark

 
Frist for ev merknader/innspel til handlingsprogrammet er 9.10.2017. Merknader/innspel kan sendast til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Merknader kan og sendast på e-post: postmottak@vik.kommune.no, eller via skjema nedanfor.

Plandokumentet kan du lasta ned her.





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut