Olav Turvoll samrøystes vald til ny ordførar i Vik

Det nyvalde kommunestyret i Vik valde i dag samrøystes Olav Turvoll frå Senterpartiet til ny ordførar. Roy Egil Stadheim vart ny varaordførar.

Overlevering av ordførarvervet
Marta Finden Halset overlet ordførarkjedet til Olav Turvoll

Avtroppande ordførar, Marta Finden Halset, overlet ordførarkjedet til den nye ordføraren. I samband med overleveringa vanka det også mykje ros og takk til avtroppande ordførar for å ha leia kommunen gjennom ei vanskeleg tid dei siste åtte åra.

Ny varaordførar vart Roy Egil Stadheim frå Arbeidarpartiet. Stadheim vart også samrøystes vald.

Det nye formannskapet i Vik er samansett slik:

  • Olav Turvoll, Senterpartiet
  • Roy Egil Stadheim, Arbeidarpartiet
  • Aud Marit Berge Feidje, Arbeidarpartiet
  • Morten Holmberg, Venstre
  • Morten Midlang, Høgre

 

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut