Rådmann

Rådmannen er den øvste leiaren for den samla kommunale administrasjonen, og har ansvar for dagleg drift.

Vik kommune er for tida leia av konstituert rådmann Geir Svendsen, og du kan finna kontaktinformasjonen til Svendsen ved å følgja denne lenka.

Rådmannen har ansvar for at kommunen vert driven i samsvar med lover og forskrifter, og at den er gjenstand for betryggande kontroll. Rådmannen er og ansvarleg for at politiske vedtak vert iverksette.

Kommunestyret har i delegasjonsreglementet og andre vedtak gitt rådmannen fullmakt til å ta avgjerd i saker som ikkje er prinsipielle.

Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna i alle kommunale organ, med unnatak av kontrollutvalet.

Rådmannstillinga er omtala i kommunelova §13-1

Rådmannen si administrative organisering er vist i organisasjonkartet nedanfor. Du kan også lasta ned kartet i PDF-format ved å følgje denne lenka. (PDF, 172 kB)

 

Viser organisasjonskart for rådmann - Klikk for stort bileteRådmann