Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ. Det vert direkte valt av folket for fire år om gongen. Kommunestyret har til vanleg møte annankvar månad, sjå møteplanen oppsett. Vanleg tidspunkt for møtestart er kl. 12.00 med møtestad i Kyrkjestova. Møta er opne for publikum.
Kvart møte har ein spørjetime der politikarar kan stille spørsmål til ordføraren. Du kan og få stilt dine spørsmål ved å få ein politikar til å stille spørsmålet for deg. Spørsmålet bør sendast til ordføraren minst tre dagar før møtet, slik at ordføraren kan førebu seg og dermed kunna gi eit best mogeleg svar. (Sjå elles reglementet for spørjetimen).
Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er delegert til andre organ, sjå delegasjonsreglementet. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld m.a. budsjett, økonomiplan og overordna rammeplanar for den kommunale verksemda.
Kommunestyret i Vik har for dei 2 periodane 2012-2023
17 representantar.
Viktige lover:
Reglement:
Publisert 30.07.2021 13:34
Sist endra 16.03.2023 12:05