Ungdommens kommunestyre

Ungdomens kommunestyre er eit utval/råd som er samansett av elevar frå ungdomsskulane i Vik kommune.

Ungdommens kommunestyre (UKS) er eit av tre lovpålagte kommunale medverknadsorgan, og skal vere ungdommane i kommunen sitt talerøyr ovanfor politikarane. Ettersom ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølve kan stille til val, har ungdom avgrensa mogleik til medverknad i politiske avgjersler. Formålet med ungdommens kommunestyre er altså å sikre at synspunkt frå ungdom vert ivareteke i kommunale politiske prosessar.

Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ for kommunen i alle saker som vedkjem ungdom. Det vil seie at rådet har rett til å uttale seg, både på eige initiativ og i saker dei får tildelt, og desse uttalane skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som fattar vedtak i dei einskilde sakene.

Kontaktinformasjon

Hilde-Gunn Hellen er sekretær for ungdommens kommunestyre. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vik kommune på telefon 57 69 82 00.

Til toppen