Innbyggjarvarsling

Vik kommune nyttar varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggjarane med SMS, e-post og talemelding til telefon ved viktige hendingar. Les korleis du sikrar at du mottek viktige meldingar som gjeld deg.

Systemet vert nytta til å varsle om driftsavvik som til dømes stenging av kommunale veger, kokepåbod for drikkevatn, brot på vassleidningar og andre tilhøve og hendingar som krev rask informasjon til innbyggjarane.

Oppdatert informasjon om korleis tenesta fungerer finn du hjå vår tenesteleverandør ved å følgja denne lenka.