Ingfoto

Områderegulering for Vikja-Seimsvegen til offentleg ettersyn

Framlegg til reguleringsplan for Vikja-Seimsvegen vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10.

Planområdet er på om lag 80 daa og ligg sør for Vikørsta as. Området strekkjer seg frå midt i elva Vikja til og med Seimsvegen i aust.  Noverande arealbruk er i hovudsak næring, bustader og landbruk. Det er 6 eksisterande bustader på frådelte tomter.

Planen legg til rette for om lag 30 daa næringsareal(nytt og eksisterande) med høg arealutnytting, fortau/gangveg langs Elvagata og ivaretaking av eksisterande bustadområde (ca 8 daa) med skjerming mot næringsareala.

Planlagt arealbruk er i samsvar med gjeldande kommuneplan.

 
Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende. Plandokumenta vert også lagde ut på kommunehuset. Evt. merknader må sendast til Vik kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn, innan 20.06.2017. Merknad kan sendast på E-post: Postmottak@vik.kommune.no

Innspel/merknad kan òg sendast inn på formularet nedanfor. Det går då rett til kommunen sitt postmottak.





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut