Kartutsnitt

Oppstart klagesak Bårlog/Borlaug

Kartverket gjorde den 03.03.2017 vedtak om skrivemåten av Bårlog i Vik kommune, men vedtaket vart påklaga. Les kunngjeringa her.

Kunngjering

Klagesak 2017/21, 22, 23 og 24 - Bårlog / Borlaug i Vik kommune

Kartverket gjorde den 03.03.2017 vedtak om skrivemåten Bårlog for fylgjande:

  • Bårlog/Borlaug (fellesnamn for gard 157 og 158)
  • Indre Bårlog/Inste Bårlog/Bårlog /Indre Borlaug (gard 157)
  • Indre Bårlog (bruk 157/1 og 2)
  • Ytre Bårlog/Ytste Bårlog/Ytre Borlaug (gard 158)
  • Ytre Bårlog (bruk 158/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 10)
  • Bårlogneset/Borlaugneset (nes i sjø)
  • Indre Borlaug/Indre Borlaugsbrui/Indre Bårlogsbrui (bru)

Vedtaket vart påklaga, og det er røyst klagesak.

Klagesaka vert med dette lagt ut på lokal høyring jf. §5 i lov om stadnamn.

Vik kommune samordnar og sender eventuelle fråsegner til Kartverket.

Høyringsfråsegner må vera innkomne innan 19.02.2018.

Fråsegn skal sendast til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn,

Eller på e-post til post@vik.kommune.no

Meir informasjon finn ein på www.vik.kommune.no, eller ved å venda seg til Vik kommune.

Brevet frå kartverket kan du lesa her.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut