kartutsnitt med planområde markert med svart stipla linje

Oppstart varsel: Reguleringsplan Vik sentrum sør

Oppstart av reguleringsplan for området  «Vik sentrum sør»  er kunngjort i Sogn Avis  med fylgjande annonsetekst:

«Områdereguleringsplan for Vik Sentrum  sør

Vik Kommune varslar oppstart av områdereguleringsplan etter Pbl.§ 12-2 for den sørlege delen av sentrumsområdet i Vik. Planområdet  på omlag 120 daa omfattar m.a. Tillishgarden, Vik fengsel, Vik kyrkjegard og Kyrkjereina.

Planen skal m.a.leggja  til rette for utbygging og utviding av Vik Fengsel, og avklara vegløysingar i området. Planen skal  leggja til rette for opparbeiding av gang-og sykkelveg frå Vange bru til Flatbygdi skule.

Planarbeidet skal leggja til grunn arealformål og føringar i kommuneplan vedteken 2014,

og utløyser ikkje krav til planprogram eller konsekvensutgreiing etter Vik Kommune si vurdering. Høyringsinstansar og partar i planområda vert varsla med brev.

Oppstart er kunngjort på Vik Kommune si heimeside med utfyllande informasjon.

Merknader til  oppstartvarsel og evt. innspel til planarbeidet må vera innkomne til 

Vik Kommune postboks 134, 6891 Vik i Sogn,  innan 20.10.2016

Merknad kan sendast på E-post: Postmottak@vik.kommune.no»

 

Utfyllande informasjon.

Kommuneplan vedteken 2014 viser ny trase i to alternativ for FV121 på strekninga

Vange bru - RV13, til avløysing for Røysavegen som er forutsett nedlagd som fylkesveg, og stengd nord for Vik fengsel.

Planen skal avklara traseen for ny/omlagd veg Vange bru-RV13, og trasear for gang og sykkeltrafikk til erstatning for Røysavegen.

Planen skal erstatta eldre reguleringsplanar for området.

 

Planprosess

På grunnlag av  dette oppstartvarselet, føringar i kommuneplan og innspel til planarbeidet vert det laga eit planforslag, som vert lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring . 

Planforslaget  kan då fremjast for vedtak i kommunestyret.

Dersom kommunestyret gjer vesentlege endringar i høve til høyringsforslaget, må revidert plan på ny høyring. Høyringsperiode er etter Pbl. § 12-10 min.6 veker.

 

Under fylgjer :

kartutsnitt med planområde markert med svart stipla linje.

- Utsnitt av kommuneplan 2013-24

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut