Blix hotell og Meieriet i Vik

Oppstartsvarsel for utvida planområde for reguleringsplan Blix hotell m.m.

Reguleringsplan for området Blix hotell m.m. i Vik sentrum vart oppstarta 2011.

Planprosess og offentleg høyring av planforslag  har synt eit behov for å utvida planområdet mot sør for å få avklara grenser og tilkomst for Tine Meieriet Vik.

Kartutsnitt med eks. og nytt planområde

planomr utv. 

Planområdet vert auka med om lag 9,5 daa, og vil etter utviding omfatta heile eigedomen til Vik Meieri, samt kommunalt  veg- og trafikkareal sør for meieriet.

Vik Kommune er tiltakshavar for planarbeidet.

Merknader  og innspel til dette varselet  må vera innkomne til Vik Kommune  postboks 134 6893 Vik i Sogn innan 03.07.2017. Innspel kan og sendast på
e-post: postmottak@vik.kommune.no .

Høyringsinstansar,partar og naboar vert varsla med brev.

Merknad/innspel kan alternativt sendast til formularet nedanfor. Merkn./innspel går då rett til kommunen sitt postmottak.




Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut