Over 600.000,- kr frå Kulturminnefondet til Vik

Kulturminnefondet er eit statleg organ under Miljøverndepartementet, oppretta av Stortinget 21.06.2002, som ei tilskotsordning for bevaring av kulturminne og kulturmiljø.
I år har 5 restaureringsprosjekt i Vik kommune fått støtte frå fondet, til saman 634.500 kr.

Prosjekt som har fått støtte:

Refsdal Gamle Kraftstasjon - del 3 100.000,- kr
Grønsberg, løa bruk nr. 2  141.000,- kr
Grønsberg – Tak på kårstove, løe og fjøs/grisehus 131.000,- kr
Restaurering av Notanaustet i Fresvik 190.500,- kr
Restaurere eldre stabbur på Skjørvo i Vik i Sogn 72.000,- kr

Sjå alle tildelingar 2015 her

Les meir om kulturminnefondet på www.kulturminnefondet.no

Søknadsfristen for neste år er 1.11.2015.

Du kan ta kontakt med kommunen v/Karen Weichert om du treng hjelp med søknaden eller informasjon om fleire støtteordningar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut