Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Vik

Oversikt over næringsretta, nasjonale tiltak knytt til koronakrisa

Myndigheitene kjem fortløpande med tiltak knytt til koronakrisa. Under er summert opp tiltak av relevans for næringslivet. 

Internet sidene om coronakrisa hjå regjeringa og NAV gir mykje god informasjon:

Nedanfor er forskjellige tiltak frå myndigheitene så langt. Vi freistar å nemne tiltaka som direkte eller indirekte er knytt til næringslivet / arbeidsplassar. Om du meiner andre tiltak bør være del av artikkelen, kan du kontakte næringssjefen.

Nokre tiltak er kanskje ikkje sett i kraft fordi tiltaka skal handsamast i stortinget og/eller myndigheitene må få på plass systema slik at samfunnet kan søkje på tiltaka. Ved å fylje linkane til regjeringa, fylkeskommunen og NAV får du tilgang til meir informasjon.

Du er velkommen til å ta kontakt med næringssjefen for spørsmål eller innspel knytt til næringsretta tiltak. Mobil 992 31 313, e-post: odd.rune.turvoll@vik.kommune.no

 

TILTAK (klikk for å komme til tiltaka):

 

Framlegg til kompensasjonsordning (oppdatert 3.4.20)

Du finn heile artikkel på regjeringa sin nettstad her

Utdrag frå regjeringa sin artikkel (bokmål):

Forslaget legges frem for Stortinget fredag 3. april. Deretter må det behandles i Stortinget og godkjennes av ESA. Parallelt arbeides med den tekniske løsningen for søknadsportalen. Ordningen er derfor ikke iverksatt ennå, og det finnes ikke noe søknadsskjema tilgjengelig foreløpig.
 
Her er eit utdrag av artikkelen:

  • Ordningen gjelder for alle skattepliktige registrerte foretak i Norge, med enkelte unntak, blant annet:
  • Finansnæringen
  • Produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet og vannforsyning
  • Olje- og gassutvinning
  • Foretak som er under egne støtteordninger som private barnehager og flyselskaper
  • Foretak uten ansatte (unntatt enkeltmannsforetak der virksomheten er innehavers hovedinntektskilde)
  • Foretak uten aktivitet eller som er under konkursbehandling

 
Foretaket må ha et omsetningsfall på minst 30 prosent sammenlignet med samme måned året før (20 prosent i mars). Dersom foretaket ikke hadde virksomhet samme måned året før, kan et gjennomsnitt av januar og februar i år brukes.

Det settes en minstegrense for utbetaling, slik at beregnet støttebeløp under 5000 kroner utbetales ikke.

Vi legger opp til at den øvre grensen for støtte per foretak blir 30 millioner kroner per måned og at det settes en høyere maksgrense for konserner, forutsatt at en slik løsning kan godkjennes av ESA. Regjeringen vil foreslå at vi kommer tilbake til de endelige grensene i en egen forskrift.

Som unngåelige, faste kostnader regnes leie av lokale, lys og varme, vann og avløp, forsikring, leie av utstyr og transportmidler, samt netto rentekostnader. Departementet vil i forskrift gi nærmere bestemmelser om hva som vil regnes som uunngåelige faste kostnader.

Ordningen gjelder for mars, april og mai
 
Det er antyda at søknadsportalen kan være tilgjengeleg frå 17. april.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Ynskjer å dekke faste kostnadar

Regjeringa føreslår no å opprette ei ordning der bedrifter kan søke om støtte til å få dekka faste kostnadar, som til dømes husleige og forsikringar. Målet er å auke sjansen for at bedriftene held seg flytande og raskare kan bidra til å skape verdiar og arbeidsplassar når krisa er over. Regjeringa vil kome tilbake med detaljert informasjon om ordninga fredag 3. april. Meir informasjon finn du ved å klikke her.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Tiltakspakke Vestland

Vestland fylkeskommune vedtok 26.3.2020 ei tiltakspakke på i alt 22.1 millionar retta mot næringslivet. Du finn dokumentet ved å følgje denne lenka

BIO ordninga inngår og i desse tiltaka. Her er eit utdrag av tiltaka som har konkrete beløp knytt til seg:

  • 4 400 000 i støtte til enkeltbedrifter 
    Fylkeskommunen set av 4 400 000 kr til direkte tiltak i næringslivet. Løyvinga går til Innovasjon Norge, som er fylkeskommunen sitt verktøy for direkte bedriftsstøtte.
     
  • 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring i bedrifter (BIO-midlar)
    Dette går til bedrifter med låg aktivitet som følgja av Covid-19. Føremålet er å heve kompetansen i bedriftene slik at dei står betre rusta til å tilpasse seg ein ny marknadssituasjon og sikre vidare drift.
     
  • 3 millionar til oppstart av nye bedrifter
    Fylkeskommunen løyver 3 millionar til oppstart av nye bedrifter, der etableraren kan søke inntil 50 000 kroner til utgiftsdekning i samband med etableringa. Ordninga vert forvalta gjennom tre regionråd. Sogn regionråd for Vik sin del.
  • 9 millionar til forskings- og innovasjonsprosjekt
    Vestland fylkeskommune vil gjennom Regionalt forskingsfond Vestland lyse ut 9 millionar kroner til forskings- og innovasjonsprosjekt. Styret vil i møte 21. april vedta rammene for ei slik utlysing. Dette vert midlar til kortsiktige prosjekt med brei tematisk ramme, slik at søkjarane i stor grad kan definere sine eigne behov for ny kunnskap i søknaden. Styret vil òg vurdere moglegheitene for raskare utlysings- og saksbehandlingstid. Prosjekt som må utsette arbeidet som følgje av Covid-19 kan få inntil 6 månaders forlenging.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Dagpengar

Arbeidsledige og permitterte som er i ferd med å gå ut maksperioden på dagpengar får utvida dagpengeperioden sin ut juni månad.

Utsett innbetaling av avgifter og skattar

  • Utsett innbetaling av meirverdiavgift med forfall 15. april 2020. 
  • Utsett innbetaling av den andre terminen for forskotsskatt for selskap med forfall 15. april 2020.
  • Arbeidsgivaravgifta blir redusert dei to neste månadane med 4 prosent. 
  • Reduksjon av låg momssats til 8 prosent. Dette er ei midlertidig ordning inntil vidare.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Permittering

  • Full lønn (inntil 6G) i minimum 20 dagar frå permittering, staten dekkar frå dag 3 til 20.
  • Innføring av ordning som sikrar personar ei inntekt på minimum 80 prosent av dagpengegrunnlaget opp til 3G og 62,4 % av dagpengegrunnlaget over 3G og opp til 6G etter dag 20 i permitteringstida.
  • Inntektsgrensa for å ha rett på dagpengar blir redusert til 0,75 G.

Endringane trer i kraft umiddelbart og utbetalingene skjer så raskt NAV får på plass ei teknisk løysing. Ordningane er midlertidige inntil vidare.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Sjukepengar

  • Reduksjon av arbeidsgjevarperioden for betaling av sjukepengar knytt til korona-pandemien blir redusert til 3 dagar.

Endringane trer i kraft umiddelbart og utbetalingene skjer så raskt Nav får på plass ei teknisk løysing. Ordningane er midlertidige inntil vidare.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Omsorgspengar

  • Ordninga med omsorgspengar blir dobla. 
  • Arbeidsgjevarperioden for betaling av omsorgspengar blir redusert til 3 dagar.

Endringane trer i kraft umiddelbart og utbetalingene skjer så raskt Nav får på plass ei teknisk løysing. Ordningane er midlertidige inntil vidare.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vil få sjukepengar frå dag 4 av fråveret med same dekningsgrad som etter gjeldande reglar.
  • Det blir innført ei ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som inneberer utbetaling av omsorgspengar frå og med dag 4, etter same regler som arbeidstakarar og med same dekningsgrad som for sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande.
  • Innføring av midlertidig ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som no mister heile eller delar av inntektsgrunnlaget sitt som ei følgje av korona-pandemien. Desse vil få ein kompensasjon der dekningsgraden er om lag 80 % av gjennomsnitt av siste tre års inntekt avgrensa opp til 6G. Kompensasjonen blir dekka frå og med 17. dag etter at inntektsbortfallet inntrefte.

Endringane trer i kraft umiddelbart og utbetalingene skjer så raskt Nav får på plass ei teknisk løysing. Ordningane er midlertidige inntil vidare.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Lærlingar

  • Innføring av ei ordning som sikrar lærlingar som mister lærlingplassen i samband med virusutbrotet ei inntektssikring på nivå med lærlinglønna.

Endringane trer i kraft umiddelbart og utbetalingene skjer så raskt Nav får på plass ei teknisk løysing. Ordningane er midlertidige inntil vidare.

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

 

Statlege lånegarantiar

Det er føreslått å etablere ein statleg lånegaranti spesielt retta mot nye banklån til små og mellomstore bedrifter som får driftstap som følgje av viruset. Vidare ynskjer regjeringa å på nytt opprette Statens obligasjonsfond, for å bidra til auka likviditet og kapitaltilgang i obligasjonsmarknaden, der dei største bedriftene i all hovudsak låner pengar. Meir informasjon om ordningane finn du ved å følgje denne lenka.   

Klikk her for å gå attende til innhaldslista.

Tips ein ven  Skriv ut