Du er her: Heim Helse Pasientrettar

Pasientrettar

Pasient- og brukarombod er ei statleg ordning som er lovfesta i Lov om pasientrettigheter kap 8, og skal ta varepå pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik. Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester.

Omtale av pasient- og brukarombod:

  • Rådgjevande instans for pasientar og pårørande
  • Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt.
  • Omboda har teieplikt og ordninga er gratis.
  • Omboda er ei teneste for både pasientar, pårørande og helsepersonell

Kva for informasjon / hjelp får me?

  • Informasjon om rettar som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. 
  • Råd og rettleiing og hjelp med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Her er og litt informasjon om rettar og klageordningar: https://helsenorge.no/rettigheter/klageordninger
  • Omboda kan og bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, allmennlegeteneste og andre som gir helsehjelp og sosiale tenester.

Adresse:

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane
Storehagen 1
6800 Førde

Telefon: 90 24 66 78
E-post: sf@pobo.noHeimeside:www.pasientombodet.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut