Natur

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel kva rettar du har i høve Vik kommune sin bruk av personopplysningar, samt at den gir informasjon om korleis kommuenen handterar slike opplysningar.  

Lov om behandling av personopplysningar 

Denne personvernerklæringa følgjer lov om behandling av personopplysningar (personopplysningslova) av 15.06.18 med tilhøyrande forskrift. 

 

Behandling av personopplysningar

Som offentleg forvaltningsorgan og kommunal tenesteytar, behandlar kommunen alle kategoriar personopplysningar og personopplysningar om ei rekkje kategoriar registrerte. Døme på personopplysningar me behandlar er personalia, kontaktinformasjon, helseopplysningar, fagforeningsmedlemskap, oppslysningar om straffbare tilhøve, opplysningar om etnisk opprinning og politisk oppfatning. Døme på kategoriar registrerte er pasisentar, innbyggjarar, skuleelevar, føresette, leigetakarar, støndsmottakarar og politikarar.

Me fører protokoll over alle behandlingar og prosessar der personopplysningar blir behandla. I protokollen har me mellom anna oversyn over kva kategoriar personopplysningar me samlar inn, kva lovheimel som gir høve til behandlinga, korleis og kor lenge data vert oppbevara og dataflyt. Protokollen viser også ansvarsfordeling og kven som er databehandlarar på kommunen sine vegne.

 

Rett til personvern og teieplikt 

Ein kvar som utfører teneste for eit forvaltningsorgan pliktar å hindra at andre får tilgang eller kjennskap til det han eller ho får vita om nokon sine personlege tilhøve, eller andre opplsyningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til den opplysningane gjeld. 

 

Offentleglova 

Hovedregelen etter offentleglova, er at eit forvaltningsorgan sine dokument skal vera offentleg tilgjengeleg. Di henvending til oss vil dermed vera offentleg, enten den kjem i form av brev eller epost. Også henvendingar via sms, telfon eller chat kan bli vurdert som arkivverdige, og blir i tilfelle ein del av kommunen sine arkiv. Me nyttar fullelektronisk arkiv, og all korrenspondanse til og frå kommunen blir publisert på innsynsløysinga på heimesida vår. Dokument som inneheld teiepliktig informasjon vert unnateke offentlegheita, og vert heller ikkje publisert i innsynsløysinga på heimesida vår. Døme på teiepliktige opplysningar er helseopplysningar og andre personlege tilhøve (jamfør forvaltningslova §13).

 

Automatiske avgjerder og marknadsføring 

Vik kommune nyttar ikkje personopplysningar til automatiske avgjerder som til dømes ved å setja saman opplysningar om den registrerte for å føreseia plassering, prestasjonar, preferansar og interesser eller åtferd. Me nyttar heller ikkje personopplysningar i samband med marknadsføring. 

 

Vidareformidling 

Me skal ikkje vidareformidla informasjon om deg til tredjepart utan at du skriftleg har gitt samtykke til dette, eller det er gitt høve til vidareformidling i lov (døme er utveksling av helseopplysningar mellom helseføretak ved behandling av pasientar). 

 

Informasjonstryggleik 

  • Me har etter personopplysningslova ansvar for at personopplysningen er tilstrekkeleg sikra. 
  • Me sikrar at berre dei som har tenestlege behov får tilgang til personopplysningane dine.  
  • Me sikrar at berre dei som er autorisert til å endra personopplysningane dine kan endra opplysningane. 
  • Me sikrar at personopplysningane dine er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføra arbeidsoppgåver, slik at me kan gi deg best moglege tenester. 
  • Me reviderar våre rutinar jamnleg, slik at tryggleiken til ei kvar tid skal vera så god som mogeleg. Dersom me oppdagar avvik frå reglar og rutinar, blir dette grundig handsama for å unngå gjentaking. 

 

Sikker digital post (SDP)

Me nyttar sikker digital post for kryptert sending av brev til deg digitalt. I denne tenesta nyttar me offentlege fellesløysingar som er forvalta av Difi og KS. For at du skal kunna motta post frå oss digitalt på ein sikker måte, treng du din eigen digitale postkasse. Du finn informasjon om korleis du opprettar digitale postkasse ved å følgje denne lenka.

 

Heimeside og facebook

Kommunen publiserer nyhende og informasjon om tenester på heimesida www.vik.kommune.no og på eiga facebook side. Dersom innlegg innheld foto av personar eller liknande personopplysningar, skjer publiseringa etter samtykke frå den det gjeld.

Når du deler inlegg, eller legg ut informasjon på kommunen si Facebook-side, ligg informasjonen på Facebook sine serverar. Korleis Facebook handterar data vidare, verd regulert av din avtale med Facebook. 

 

Analyseverktøy for nettstatistikk 

 heimesida vår, www.vik.kommune.no, brukar me eit verktøy til å generera statistikk; Google analytics. Føremålet med dette er å utarbeida statistikk som me brukar til å betra og vidareutvikla informasjonstilbodet på nettsida vår. Statistikken gir til dømes svar på kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstad brukaren kjem frå og kva nettlesar som nyttast. Opplysningane blir behandla slik at me kan ikkje spora opplysningane attende til den enkelte brukar. 

Google Analytics brukar informasjonskapslar (cookies). Mottekne opplysningar er underlagt Google sine retningsliner for personvern. 

 

Elektroniske skjema 

Våre elektroniske skjema blir levert av eit firma som heiter Sem & Stenersen Prokom AS. For å bruka desse skjema må du først gi samtykke til Sem & Stenersen Prokom si personvernerklæring. Alle data blir overført kryptert mellom di datamaskin og Sem & Stenersen Prokom AS sine serverar. Tryggleiksnivået er det same som i de fleste nettbanker. Rett til innsyn i og høve til å korrigera unøyaktige opplysningar gjeld også her. 

 

Kva rettar har du som er registrert 

Du kan gjennomføra dine rettar ved å senda e-post til vårt postmottak på e-post postmottak@vik.kommune.no, eller ved å ta kontakt med vårt personvernombod på e-post carl-richard.nyborg-christensen@sysikt.noDu har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar. I høve personvernlovgivinga har du følgjande rettar: 

  • Du kan be oss retta eller supplera opplysningar som er feil eller misvisande.  
  • I nokre situasjonar kan du be oss sletta opplysningar om deg sjølv. 
  • I nokre situasjonar kan du be oss avgrensa behandlinga av opplysningane om deg. 
  • Dersom me behandlar opplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver, eller på bakgrunn av interesse avveging, har du rett til å protestera på vår behandling av personopplysningar om deg. 
  • Dersom me behandlar opplysningar om deg på grunnlag av samtykke eller ein kontrakt, kan du be oss om å overføra opplysningane om deg til deg eller ein annan behandlingsansvarleg. 
  • Du kan klaga på vår behandling av personopplysningar. Me håpar i tilfelle at du først tek kontakt med vårt personvernombod; carl-richard.nyborg-christensen@sysikt.no. Du kan også klaga til Datatilsynet. Du må då senda klagen skriftleg til: Datatilsynet, Postboks 458 Sentrum, 0105 Oslo.

 

Kontakt oss om personvern 

Dersom du framleis har spørsmål om vår behandling av personopplysningar, kan du ta kontakt med vår ansvarleg for informasjonstryggleik, Geir Svendsen, på telefon 918 49  773 eller på epost geir.svendsen@vik.kommune.no. 

Du kan også ta kontakt med vårt personvernombod, Carl-Richard Nyborg Christensen, på telefon 57 61 26 05, eller på epost carl-richard.nyborg-christensen@sysikt.no.

 

Aktuelle lenker til meir informasjon om personvern og lover 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut