Du er her: Heim Helse PPT

PPT

Pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste

PPT for Vik kommune har kontorstad i Sogndal (PPT Sogndalsregionen)

Her er 6 fagtilsette og 2 merkantilt tilsette som har kontakt med barnehagane og skulane i Leikanger, Sogndal og Vik kommune. I tillegg har dei PPT ansvar for nokre vidaregåande skular. (Luster, Sogndal, Balestrand og Aurland).

Informasjon PPT-Sogndalsregionen

Kva er pedagogisk-psykologisk teneste?
Eit PPT-kontor er ein stad der foreldre, barnehage, grunnskule eller vidaregåande skule kan søke råd i spørsmål som gjeld born/unge sin trivsel, tilpassing, åtferd og opplæring.

Tenesta skal òg vera eit tilbod til lærlingar og vaksne med særlege opplæringsbehov.
Foreldre kan sjølve ta direkte kontakt med PPT.

Kva arbeider PPT-kontoret med?
Førebyggjande arbeid i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring.

  • Rådgjeving
  • Utgreiing av ulike vanskar
  • Sakkunnig vurdering
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon