Hopra

Presentasjonar frå vassdragsseminaret 22.3.

Onsdag 22. mars vart det arrangert seminar om landbruket og vasskvalitet i elvane. Presentasjonane frå seminaret er no tilgjengelege.

Presentasjonane ligg under programmet nederst på sida.

Vatn er ein viktig del av alle økosystem og livsgrunnlaget for alle menneske.  Difor er det viktig at vi forvaltar denne viktige ressursen på ein berekraftig måte. 

Å finne fram til og gjennomføre gode tiltak for reint vatn og god økologisk tilstand i vassførekomstane er ein vinn-vinn-situasjon. Vi sikrar denne så viktige ressursen til vår bruk i dag og for framtida, og vi bidreg til å gjere kommunen til ein god plass å bu og drive næring i, og ikkje minst å vitje.

Døme på faktorar som kan verke negativt på vassmiljøet er vasskraftregulering, endring av elveløp, uttak av drikkevatn, vandringshinder for fisk, hamner, moloar, rømt oppdrettsfik, lakselus og andre sjukdomar, framande arter, avløp (næringsstoff), landbruk (næringsstoff), miljøgifter og sur nedbør.

På seminaret vil vi fokusere på utfordringane i landbruket med tanke på avrenning av næringsstoff i elvane. Det blir m.a. informert om moglege tiltak og støtteordningar. Det vil også bli gjeve litt informasjon om den nye gjødselvareforskrifta som er på veg. Seminaret er gratis, alle er velkomne. Det blir kaffi/té og noko å bite i.

Program med presentasjonar:

Velkomen

Oppfylging av vassforskrifta – utfordringar i kommunen
Staffan Henrik Hjohlman, prosjektleiar for vassområda Nordfjord og Sunnfjord , Sogn og Fjordane Fylkeskommune 
Presentasjon

Avrenning av næringstoff frå landbruket med vekt på husdyrgjødsel
Synnøve Rivedal , Divisjon for matproduksjon og samfunn, NIBIO
​Presentasjon

Agronomiske tiltak for å redusere tap av næringsstoff
Marit Henjum Halsnes, Norsk Landbruksrådgivning
​Presentasjon

Fiskeundersøkingar og tiltak i Vikja 2002-2015
Sven-Erik Gabrielsen, Uni Research Miljø/Statkraft
​Presentasjon

Vassdrag og ureining frå jordbruket – aktuelle tiltak og støtteordningar
Trude Knagenhjelm, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 
​Presentasjon

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut