Sæbø 2

Privat planforslag Sæbø 2 til offentleg ettersyn

Høyring og offentleg ettersyn av  privat framlegg til reguleringsplan for området Sæbø 2 i Vik  er kunngjort med fylgjande annonsetekst i  Sogn avis:

«Vik formannskap  vedtok i møte 9.6.2016 å leggja ut privat framlegg til reguleringsplan Sæbø 2 i Vik til offentleg ettersyn.

Tiltakshavar for planen er Ann Kristin og Bjørn Tore Årevik,  saman med  arkitektfirma Olav Og Anders Vikøren  AS.  Planområdet  på om lag 20 daa ligg i sentrumsområdet i Vik  og omfattar «Sæbøjordet» samt noko tilgrensande areal.

Planen  legg til rette for konsentrert utbygging  for bustad- og næringsformål, tilleggsareal  og ny tilkomst for Vik barnehage, samt vegar og grøntområde. 

Partar  i plansaka får plandokumenta tilsende.

Utfyllande  opplysningar

Planframlegget er i hovudtrekk i samsvar med  kommuneplanen sin arealdel , og  vert ikkje omfatta  av  «Forskrift om konsekvensutredninger», etter Vik Kommune si vurdering.

Planforslaget avvik på nokre punkt frå kommuneplanen. M.a. :

- byggjeområde for sentrumsføremål  trekt mot nord for å få synleg fasade mot vest/rv 13,

 og  for å utnytta nivåforskjelar i planområdet.

-Hovuddelen av areal for park/leik (grøntstruktur) er lagt sør for byggjeområdet. 

-Det er opna for større byggehøgder i område  for sentrumsformål.

 

Plandokumenta kan du sjå her:

-Plankart m. illustrasjon

-Planomtale

-Planføresegner

-Omtale  og vurdering av innkomne merknader til oppstartvarsel.

-Kopi av innkomne merknader

-ROS-analyse

-Rapport om kulturminneundersøking.  SFFK- kulturavdelinga 11.9.2015

-Kopi av møtebok Vik formannskap 9.6.2016 

Merknader  kan sendast til:
Vik Kommune
postboks 134,
6891 Vik i Sogn


Du kan også nytta formularet nedanfor eller senda e-post til postmottak@vik.kommune.no innan  15.8.2016

 

 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut