Planutsnitt

Privat reguleringsframlegg for Hovsviki til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Hovsviki  til offentleg ettersyn.

Vik Kommune har avgjort at  privat framlegg til reguleringsplan for Hovsviki vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §§12-10 og 12-11.

Planområdet   er om lag 36 daa og omfattar areal  på begge sider av fylkesveg 92  om lag 2 km frå Vik sentrum mot Arnafjorden. Deler av området er fareområde for skred.

Areal under vegen er strandsone med spreidd vegetasjon og svaberg . Areal over vegen er skogsmark.

I planområdet ligg 3 fritidsbustader, ein heilårsbustad  og eit naust.

Planen  legg til rette for fortetting  med  nokre nye hytter/bustader  og naust.

Framlegg til arealbruk  er i hovudtrekk i  samsvar med gjeldande kommuneplan.

Partar i planområdet  får plandokumenta tilsende.

 

Tiltakshavar/forslagstillar er Pål Moe, eigar av  gbnr. 41/75 m.m.

Oppstart av planarbeid vart varsla  i Sogn Avis og med brev av 14.6.2013 til partar og høyringsinstansar. Det vart registrert  4 merknader .

Merknader  til oppstartvarsel  er omtalte i  vedlagt dokument:  Planomtale.

Planen er utarbeidd av Arkitektfirma  Jon Vikøren  AS .

                      

Saksdokument som er utlagde her:            

 dato:

Planomtale                                                      23.9.2016      
Reguleringsføresegner                                          14.11.2016    
Plankart                                                                14.11.2016  
Illustrasjonsplan                                                   14.11.2016 
ROS analyse                                                                3.6. 2016    
Merknader til oppstartvarsel.  4stk.                             
Skredfarevurdering Hovsviki                                   22.4.2013
Tillegg til  rapport                                        av       22.4.2013 

  

Merknader til  planforslaget kan sendast i brev til: 

Vik Kommune , boks 134, 6891 Vik i Sogn.

Eventuelt kan merknad sendast på e-post: Postmottak@vik.kommune.no»

Innspel/merknad kan òg sendast inn på formularet nedanfor. Det går då rett til kommunen sitt postmottak.
Frist: 21.2. 2017.





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut