Ny sauefjos

Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid del 1

Frå og med 1. mars kan du levera del 1 av søknaden om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Teljedato er 1. mars, søknadsfristen er 15. mars. 
Me oppmodar deg om å vere tidleg ute med å søkja.

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket har to søknadsfristar i året. I mars er det husdyrprodusentar som kan levera søknad. 

Lever innan søknadsfristen 15. mars, her finn du link til skjemaet

Du kan levera søknaden frå og med 1. mars og evnt endra opplysningar i innlevert søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29.mars

Kva er det du skal registrera og søkja tilskot for i mars?

I søknaden skal du registrera tal husdyr du har pr. 1. mars. Registreringa gir grunnlag for utrekning av husdyrtilskot, tilskot til økologisk husdyrproduksjon, driftstilskot til mjølkeproduksjon og til spesialisert kjøttfeproduksjon, og tilskot til små og mellomstore mjølkebruk.

Dyretalet pr 1. mars er basis for avløysartilskot og tilskot for grovfôrareal, med søknadsfrist 15. oktober. 

Er du ny søkjar?

Er du ny søkjar bør du kontakta kommunen i god tid før søknadsfristen. Du må mellom anna sikra at føretaket er registrert i Landbruksregisteret, som er eit register som viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigendom. Landbruksregisteret hentar opplysningar om føretak og verksemd fra Enhetsregisteret. Det er eit vilkår for å kunne ta imot produksjons- og avløysartilskot at føretaket er registrert i Enhetsregisteret. Du får ikkje levert søknaden om dette ikkje er i orden.


Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål 

Om du har spørsmål som gjeld søknad om produksjonstilskot eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid, ta kontakt med kommunen der du driv jordbruksverksemd. Det er kommunen som rettleiar deg i søknadsprosessen, og som saksbehandlar søknaden din.

Meir informasjon om produksjonstilskot finn du her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut