Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Ny sauefjos

Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid del 1

Frist for å søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 15.mars 2020. 

Du kan søkje frå og med 1.mars, som er teljedatoen.

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket har to søknadsfristar i året. I mars er det husdyrprodusentar som kan levera søknad.

Me vil rå dykk til å vere tidleg ute med søknaden.

  • Du kan levera søknaden frå og med 1.mars, som er teljedato.
  • Søknadsfristen er 15.mars.
  • Du kan endre opplysningar i innlevert søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29.mars.
  • Du kan levera søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, dvs.fram til og med 29.mars, men tilskotsutbetalinga vert då redusert med 1000 kroner for kvar dag søknaden vert innsendt etter 15.mars.

    Kva er det du skal registrera og søkja om tilskot for i mars?
    I søknaden med søknadsfrist 15.mars, skal du registrera antal husdyr du disponerar 1.mars. Registreringa gir grunnlag for utrekning av husdyrtilskot, tilskot til 
    økologisk husdyrproduksjon, driftstilskot til mjølkeproduksjon, til spesialisert kjøttfeproduksjon og tilskot til små og mellomstore mjølkebruk. I tillegg vert dyretalet pr. 1.mars med som grunnlag for avløysartilskot og tilskot for grovforareal, som har søknadsfrist 15.oktober.

    Er du ny søkjar?
    Er du ny søkjar bør du kontakta kommunen i god tid før søknadsfristen. Du bør mellom anna sikre at føretaket er registrert i Landbruksregisteret, som er eit register som viser koblinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Landbruksregisteret hentar opplysningar om føretak og verksemder frå "Enhetsregisteret". Det er eit vilkår for å kunne motta produksjons- og avløysartilskot at føretaket er registrert i "Enhetsregisteret"  innan søknadsfristen. Du får ikkje levert søknad om produksjonstilskot utan at føretaket er registrert i "Enhetsregisteret".

    Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

    Søknads-skjema med pålogging med MinId eller BankId

    Her finn du informasjon om søknadsgangen frå Landbruksdirektoratet

     
Tips ein ven  Skriv ut