Psykiske helsetenester

Generelt

Alternativt navn

Psykiatri

Tenesteomtale

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som kan styrkje evna di til å meistre livet. Hjå oss møter du helsepersonell og miljøarbeidar/treningskontakt med vidareutdanning og erfaring innan psykisk helsearbeid.

Tenestetilbod:

  • Samtalar i heimen eller i kontorlokala våre. Støtte, rettleiing og motivasjon kan vere innhald i samtalane.
  • Oppfølging i krevjande livssituasjonar/kriser.
  • Hjelp og støtte i dagleglivet, bistand i heimen.
  • Støtte og rettleiing til pårørande.
  • Kognitiv terapi ved angst og depresjonslidingar.
  • Samarbeid med ruskonsulent ved psykiske- og rusrelaterte lidingar.
  • Avdelinga legg til rette for koordinerte og samordna tenester der brukar har behov for dette.

Målgruppe

Tenesta gir tilbod til vaksne over 18 år med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem frå lettare til meir alvorleg grad. Du sjølv, pårørande eller andre faginstansar kan ta kontakt.

Kriterium/vilkår

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Du må bu i kommunen eller opphalde deg her, samt ha eit behov som tenesta kan hjelpe deg med. Det trengst ikkje skriftleg søknad.

Pris for tenesta

Tilboda er gratis.

aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Praktiske opplysningar:

Telefonnr  90 99 01 16  
Ta kontakt pr.tlf for avtale.

Avd. for Psykisk helsearbeid held til i kjellarlokala på Vik bygde- og sjukeheim. Tenesta er open vekedagar mellom 08.00-15.30

Skjema

Omsorgstenester-søknadskjema

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknaden sendes til

Sjå nederst på søknadskjemaet

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klaga

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2017-02-08 10:01

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon