Bratt areal

Regionalt miljøprogram (RMP) - teikn i karta på nytt

Første søknadsomgang for nytt, felles regionalt miljøprogram for Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane) er no i gang. Fristen er 15.oktober, og reglane er endra.

I år må du teikne oppatt alle tiltak du skal søkje på i kart . Det er ikkje mogeleg å importere  tiltak i kart frå tidlegare år.

Informasjon og rettleiingsmateriale finn du på nye tema-sider for RMP, sjå www.fylkesmannen.no/vl/rmp
 
Tips:
  • Søk tidleg slik at me eventuelt kan hjelpa før fristen. 
     
  • Regelverket for RMP 2019 er endra, mellom anna for:
    -Styvingstre: Ein kan søkja berre på dei trea som er styva i år.
    -Tilskot berre til bratt areal som er hausta som fôr.
    -Ikkje tilskot for steingardar og bakkemurar.
    -Tilskot for kantsone langs Hopra og bekkar/groer inn mot Hopra som ikkje er gjødsla eller sprøyta.
    -Tilskot til nedfelling av gjødsel.
    -Slått av areal på veglause gardar

I hovudfeltet på temasida for RMP ligg ei lenke per tilskotsordning med ein kortfatta fullstending omtale.

Ta kontakt med landbrukskontoret om de har spørsmål eller treng hjelp. Ring for å avtale tid på avd.telefon for Plan & forvaltning: 479 77 733 (med unnatak av torsdagar)
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut