reguleringsplan Bjørkviki-Hanekam

Reguleringsplan Bjørkviki-Hanekamneset. Kunngjering av planvedtak.

Kommunestyret i Vik godkjende i møte 16.6.2016  framlegg til privat reguleringsplan for området Bjørkviki-Hanekamneset. Planområdet  på om lag 12 daa landareal ligg  ved Sognefjorden om lag 800m vest for kaien på Sylvarnes.  Planen legg  til rette for bygging av 4  fritidsbustader .

Tiltakshavar for planen er  Olav, Harald og Einar Hanekam.

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Partar i planområdet vert informerte med brev.

Kopi av møtebok og retta plandokument finn du her:

01 Plankart

02 Planomtale

03 Planføresegner

04 Omtale av innkomne merknader

05 Ros-analyse

06 Møtebok  sak KS 042/16

Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av partar og andre med rettsleg klageinteresse.  Evt. klage på planvedtaket  må vera innkomen  til 

Vik Kommune postboks 134, 6891 Vik i Sogn,  innan  1.8.2016

Klage kan sendast på E-post:   postmottak@vik.kommune.no

Du kan og senda inn din merknad ved å nytta skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut