Badnadalen kart

Reguleringsplan for Badnadalen i Vik til offentleg ettersyn

Høyring og offentleg ettersyn er kunngjort i Sogn Avis med fylgjande annonsetekst:

«Framlegg til reguleringsplan for Badnadalen i Vik  vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10.

Planområdet  på om lag 30daa omfattar eksisterande plass for grønkompost, og omlag 260 m av Stadheimselvi med forbygging og tilstøytande landbruksareal .

Planen skal m.a. leggja  til rette for  bygging av ein fangdam og utbetring av elveløp og elveforbygging  for å sikra areala nedstraums mot flaum og flaumskred .

Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende.

Plandokumenta vert og lagde ut i kommunehuset.

Dokumentet planomtale gjer greie for bakgrunn for planarbeidet, forhold i planområdet og utforming av planen.

Planarbeidet er ikkje i strid med  overordna planar, og kjem ikkje inn under  «Forskrift om konsekvensutredninger», etter Vik Kommune si vurdering.

Planframlegget er utarbeidd  for Vik Kommune av rådgjevarfirma  Asplan Viak  AS .

Merknader sendast til:
Vik Kommune
boks 134
6891 Vik i Sogn

Merknad kan sendast på E-post:  
Postmottak@vik.kommune.no», eller du kan fylla ut merknaden din i formularet nedanfor. Merknaden vil då gå direkte til kommunen sitt postmottak.

Frist: 21.8.2016.

Plandokumenta kan du sjå her:

- Planomtale datert 27.6.2016

- Planføresegner datert 27.6.2016

- Plankart datert  24.6.2016

- ROS-analyse datert  27.6.2016

Vedlegg til planforslaget  kan du sjå her:

01 Merknader og innspel til oppstartvarsel

02 Skredundersøking Tenålområdet 2009 HISF

03 Skredfarevurdering Stadheimselvi 27.1.2014 Cowi AS

04 Tiltaksplan for skredsikring  i Stadheimselvi 12.8.2014 NVE

05 Notat om kulturminnegrunnlag 8.4.2015 Asplan Viak as

06 Miljøomsyn. Notat om fisk m.m.27.6.2016 Asplan Viak as

07 Referat frå møte m. NVE  24.2.15, rev. 11.3.15 Asplan Viak as





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut