reguleringsplan Bjørkviki-Hanekam

Reguleringsplan for Bjørkviki – Hanekamneset til offentleg ettersyn

Høyring og offentleg ettersyn av privat framlegg til  reguleringsplan for området
Bjørkviki - Hanekamneset er  kunngjort med fylgjande annonsetekst i Sogn Avis:

«Framlegg til privat reguleringsplan for området Bjørkviki-Hanekamneset vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10.
Planområdet  på om lag 12 daa landareal ligg  ved Sognefjorden om lag 800m vest for kaien på Sylvarnes. Planen skal m.a. leggja  til rette for  bygging av 3 nye fritidsbustader . 

Planforslaget er i hovudtrekk  i samsvar med føringar i  gjeldande kommuneplan. 
Tiltakshavar for planarbeidet er  Olav, Harald og Einar Hanekam. 

Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende.

Plandokumenta vert og lagde ut i kommunehuset.

Merknader  må vera innkomne til Vik Kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn.Merknad kan sendast på E-post: Postmottak@vik.kommune.no

Du kan og sende inn din merknad ved å nytte skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

Frist: 15.03.2016

01 Plankart
02 Planomtale
03 Planføresegner
04 Omtale av innkomne merknader
05 Ros-analyse
06 Innspel til oppstartvarsel
07 Skredfarevurdering Bjørkviki-Hanekamneset





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut